torsdag 3. januar 2013

Evjuskogen - opplevingssti mellom eventyr, kunst og natur

Kompetansemeklarprosjektet for Evju Bygdetun vert avslutta i desse dagar, og prosjektgruppa hadde sitt siste møte i dag, 3. januar 2013.

Prosjektet har hatt søkjelys på den gamle og urørde skogen ved bygdetunet. Formålet med arbeidet har vore å foreslå tiltak og aktivitetar som grunnlag for heilskapleg verdiskaping for bygdetunet. Utgangspunktet for studien har vore den gamle urørde skogen og gardens historie og særpreg. Det er laga ei moglegheitsstudie med aktivitetar som skal realiserast i år og neste år dersom finansieringa av investeringane går i orden . 

Telemarkforsking, og Per Ingvar Haukeland, har gjennomført prosjektet i tett samarbeid med Evju Bygdetun og dagleg leiar, Jorid Vale. Ei eiga kulturlandskapsgruppe ved bygdetunet har også bidratt aktivt i gjennomføringa av prosjektet.