tirsdag 29. september 2015

Nye plommeprodukt frå Sauherad

Gjennom bedriftsbesøksordninga i VRI-Telemark registrerer vi nå auka interesse for foredling av frukt frå Midt-Telemark. Sauherad er den nest største fruktkommunen i Noreg, men - med unnatak av fruktsaft - er det lite foredling av frukt til for eksempel syltetøy og dessert. 

Dette ønskjer Vidar og Marianne Valen frå Sauherad å gjere noko med.  Ekteparet Valen har starta eit samarbeid med Nofima Matforskningsinstitutt om produktutvikling og prøveoppstart av plommesyltetøy og hermetisering av dessertplommer. Prosjektet skal arbeide med sortsvalg og plommeråvara, hermetiseringsmetodar, tilsettingar, lagring og haldbarhet, emballasje, krav til merking, osb.

Prosjektet starta opp i september 2015, og skal etter planen vera ferdig innan 1. april 2016. Innovasjon Norge har gitt tilskot til prosjektet, som er initiert gjennom kompetansemeklarordninga ved Telemarksforsking og VRI-Telemark.

Kontaktperson: Anne-Guri Kåsene, Telemarksforsking, epost: kasene@tmforsk.no, tlf 48122710.

torsdag 24. september 2015

Forskar seg fram til nye hardingfelestrenger



Finst det eit nytt material som har optimale strengekvalitetar? Det skal SINTEF hjelpe felemakar Ottar Kåsa med å finne ut av.

Ottar Kåsa er tre gonger Noregsmeister i hardingfele og ein av få felemakarar som finst i Noreg i dag. Han har eige felemakarverkstad i Bø i Telemark, der han lagar nye feler på bestilling, reparerer feler og sel «ekstrautstyr» som bogar, feleskrin og strenger.
-Det er visse utfordringar knytt til hardingfelestrengene som finst på marknaden i dag, seier Kåsa.

Dagens strenger er stort sett laga av anten stål eller tarm, eller ein kombinasjon av tarm og sylv. A-strengen, som er ein av strengene som hyppigast vert skifta ut, finst i to utgåver: stål eller tarm. Stålstrengen er relativt stabil, men litt tynn og metallisk i lyden. Tarmstrengen har god, organisk lyd, men er ustabil og blir lett ustemt. Det er difor eit behov for å finne strenger som er både stabile og har ein organisk og god lyd.

Dette vil felemakar og meisterspelemann Ottar Kåsa gjere noko med. Kåsa har, gjennom kontakt med VRI-programmet og kompetansemeklarane Anne Guri Kåsene og Gunn Kristin Leikvoll, fått finansiering av Innovasjon Norge til å gjennomføre eit forprosjekt. SINTEF på Raufoss skal hjelpe felemakaren på vegen ved å gjennomføre ei rekke mekaniske testar. Håpet er å finne eit material som har dei same gode lydeigenskapane som tarmstrengen, men som i tillegg er stabilt ovanfor endringar i luftfuktigheit og temperatur.

-Eg er ute etter å finne material til ein streng som har den gode, runde klangen til tarmstrengen, men samtidig større stabilitet og lengre livslengde, seier Ottar Kåsa.

Meir informasjon om prosjektet kan du få frå Ottar Kåsa, tlf, 41600316, e-post: ottarkaasa@hotmail.com eller frå Gunn Kristin Leikvoll, Telemarksforsking, tlf. 47654640, e-post: leikvoll@tmforsk.no.