torsdag 22. september 2011

Gode erfaringer og løsninger

"Vi sitter igjen med gode erfaringer og løsninger som kan videreføres". Dette sier kvalitetsjef Hildegunn Jensen i Bakeverket AS om FoU-prosjektet som nå er avsluttet. Prosjektet ble initiert gjennom Telemarksforsking sin kompetansemeglervirksomhet, men er gjennomført av Nofima Mat. Nofima Mat har hjulpet Bakeverket med spørsmål om holdbarhet på brødprodukter.

onsdag 7. september 2011

Nye attraksjonar

Forskarar frå Høgskulen i Telemark skal hjelpe Bø Sommarland AS med å kartlegge og foreslå attraksjonar som er mindre vær- og temperaturavhengige.  Slike nye aktivitetar har blitt enno meir aktuelle for Sommarland, etter ein sommar med mykje regn. Dei seinste åra har besøkstalet i parken gått nedover, og ei viktig årsak til dette er det dårlege været.
Kompetansemeklarprosjektet starta i september og skal vere ferdig innan 1. april 2012.

Plommesyltetøy frå Sauherad

Tre fruktprodusentar frå Gvarv i Sauherad kommune har nå gått saman om å utvikle eit nytt plommesyltetøy.

Gjennom kompetansemeklar frå Telemarksforsking skal fruktbøndene få hjelp frå Nofima Mat til sjølve produktutviklinga, som mellom anna omfattar val av plommesortar, kokeprosess og haldbarhet. Dei tre fruktbøndene har fått tilskot frå Innovasjon Norge til å gjennomføre prosjektet i samarbeid med forskar frå Nofima Mat.