onsdag 7. september 2011

Nye attraksjonar

Forskarar frå Høgskulen i Telemark skal hjelpe Bø Sommarland AS med å kartlegge og foreslå attraksjonar som er mindre vær- og temperaturavhengige.  Slike nye aktivitetar har blitt enno meir aktuelle for Sommarland, etter ein sommar med mykje regn. Dei seinste åra har besøkstalet i parken gått nedover, og ei viktig årsak til dette er det dårlege været.
Kompetansemeklarprosjektet starta i september og skal vere ferdig innan 1. april 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar