torsdag 24. september 2015

Forskar seg fram til nye hardingfelestrenger



Finst det eit nytt material som har optimale strengekvalitetar? Det skal SINTEF hjelpe felemakar Ottar Kåsa med å finne ut av.

Ottar Kåsa er tre gonger Noregsmeister i hardingfele og ein av få felemakarar som finst i Noreg i dag. Han har eige felemakarverkstad i Bø i Telemark, der han lagar nye feler på bestilling, reparerer feler og sel «ekstrautstyr» som bogar, feleskrin og strenger.
-Det er visse utfordringar knytt til hardingfelestrengene som finst på marknaden i dag, seier Kåsa.

Dagens strenger er stort sett laga av anten stål eller tarm, eller ein kombinasjon av tarm og sylv. A-strengen, som er ein av strengene som hyppigast vert skifta ut, finst i to utgåver: stål eller tarm. Stålstrengen er relativt stabil, men litt tynn og metallisk i lyden. Tarmstrengen har god, organisk lyd, men er ustabil og blir lett ustemt. Det er difor eit behov for å finne strenger som er både stabile og har ein organisk og god lyd.

Dette vil felemakar og meisterspelemann Ottar Kåsa gjere noko med. Kåsa har, gjennom kontakt med VRI-programmet og kompetansemeklarane Anne Guri Kåsene og Gunn Kristin Leikvoll, fått finansiering av Innovasjon Norge til å gjennomføre eit forprosjekt. SINTEF på Raufoss skal hjelpe felemakaren på vegen ved å gjennomføre ei rekke mekaniske testar. Håpet er å finne eit material som har dei same gode lydeigenskapane som tarmstrengen, men som i tillegg er stabilt ovanfor endringar i luftfuktigheit og temperatur.

-Eg er ute etter å finne material til ein streng som har den gode, runde klangen til tarmstrengen, men samtidig større stabilitet og lengre livslengde, seier Ottar Kåsa.

Meir informasjon om prosjektet kan du få frå Ottar Kåsa, tlf, 41600316, e-post: ottarkaasa@hotmail.com eller frå Gunn Kristin Leikvoll, Telemarksforsking, tlf. 47654640, e-post: leikvoll@tmforsk.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar