onsdag 9. februar 2011

Erfaringsseminar i VRI

8. februar arrangerte Forskningsrådet eit erfaringsseminar for VRI (Virkemiddel for Regional forskning og Innovasjon), med deltakarar frå ulike departement, forskningsrådet, Innovasjon Norge, KS og fylkeskommunane. Den første VRI-perioden (2007-2010) er ferdig, og nye prosjekt i VRI2-perioden (2011-2013) startar nå.

Tema for seminaret 8.2. var følgjeevaluering og erfaringar med VRI.
Eit av innlegga på seminaret var erfaringar med bruk av verkemidlet kompetansemekling i ei konkret bedrift, Live Arctic AS. Gründer Andreas Friis frå Live Arctic snakka om bakgrunnen og sine erfaringar med kompetansemeklarprosjektet, og kompetansemeklar frå Telemarksforsking, Anne-Guri Kåsene, heldt eit kort innlegg om sjølve kompetansemeklarmetodikken brukt på denne bedrifta.

Tilbakemeldingar frå seminardeltakarane har vore svært positive. Dette viser at det er viktig å formidle resultat frå bruk av ulike verkemidler i VRI, og kva nytte bedriftene har av slike verkemidler. Det gjeld både kompetansemekling og økonomiske støtteordningar, som gjer det mogleg for småbedrifter å nytte forskningsmiljø til gjennomføring av prosjekter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar