torsdag 7. mars 2013

Ny kvitost frå Lega i Øyfjell


Osteprodusent Gro Hommo i Øyfjell har utvikla ein ny kvitost som nå vert testa ut. 

Gro Hommo har gjennom eit kompetansemeklarprosjekt, initiert av Telemarksforsking, fått hjelp frå Arnold Olsen ved UMB (Universitetet for Miljø og Biovitenskap) i utviklinga av ny kvitost. Resultatet er blitt ein velsmakande ost som passar til alt frå pizza til spikekjøt og flatbrau.  Osten vart servert som "snacks" på Matfagleg seminar på Rauland i slutten av februar, og gjorde stor lykke.

På stølen Lega, og på garden Raundalen i Øyfjell, har Gro geiter og her yster ho både brunost, prim og kvitost.  I tillegg lagar og sel ho også brød, kling, knekkebrød og pizzabotn. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar