fredag 26. mars 2010

Bruk av sosiale medier i opplevingsnæringane

Formålet med dette prosjektet er å auke kunnskapen om dei muleghetane som sosiale medier gir for utvikling av gode kunderelasjonar for bedrifter og verksemder.

Fire verksemder frå Telemark og Buskerud er med i dette prosjektet: Fausko Skysstasjon, Lien Fjellgård, Kongsberg Jazzfestival og Notodden Bluesfestival. På det første arbeidsmøte, 25. mars, oppsummerte Telemarksforsking og deltakarane verksemdene sine eigne erfaringar med bruk av ulike sosiale medier. I tillegg hadde Hallstein Søvik frå eSenteret innlegg om "Sosiale medier - tidstjuv eller ?", og om kva dei ulike mediene, slik som Facebook, Twitter, YouTube,blogg, m.m., kan nyttast til. Fram til neste samling, som skal vera i september, skal verksemdene arbeide med mål, strategiar og målgrupper for bruk av slike medier.
Frå Telemarksforsking er forskarane Solveig Svardal, Bård Kleppe og Anne-Guri Kåsene med i prosjektet.

"Bruk av sosiale medier i opplevingsnæringane" er eit resultat av kompetansemeklarverksemda ved Telemarksforsking. Prosjektet er finansiert av VRI- prosjekta i Telemark og Buskerud. (VRI stend for Virkemiddel for Regional Innovasjon, og er prosjekt som nå går i alle fylkene i landet.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar