onsdag 11. august 2010

Nytt VRI-prosjekt for Vinje slakteri om røyking av kjøt

I Vinje slakteri vert det nå gjennomført eit FoU-prosjekt om røyking av kjøt. Formålet med prosjektet er å finne fram til gode røykeprosessar for kald- og varmrøyking. Prosjektet skal resultere i nye pølseprodukt og spekepølser. Det er Nofima Mat som gjennomfører prosjektet for Vinje slakteri. Prosjektleder frå Nofima Mat er Tom Chr. Johannessen.

Det nye slakteriet, som ligg på Våmartveit i Vinje, er eit småskala slakteri for vilt og småfe. Dei slaktar og foredlar både hjort frå eigen gard (Kingland), og tek imot vilt (særleg hjort og elg) og sau frå andre til slakting og foredling. Kontaktperson i Vinje slakteri er Knut Erik Jordstøyl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar