onsdag 14. mars 2012

Eventyrskogen på Evju Bygdetun

Innovasjon Norge har gitt støtte til prosjektet "Eventyrskog som attraksjonskraft". Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Evju Bygdetun i Sauherad og Telemarksforsking.

Evju Bygdetun formidlar både bygdetradisjonar, arrangerar ulike kulturprogram, utstillingar, julemesser og andre ulike aktiviteter, både for vaksne og born. Om lag 10 000 besøkande kjem til bygdetunet kvart år. Evju er ein gamal gard, og garden/Evjutunet er levande i den forstand at den også blir drive med husdyr, jordbruk og skog.

Dette FoU-prosjektet skal ha søkjelys på den gamle og urørde skogen som ligg tett ved bygdetunet. Både denne skogen og området rundt har mykje særprega og interessant historie, vegetasjon og kulturlandskap. Prosjektet skal tydeleggjera korleis skogen på Evju Bygdetun kan brukast som eit potensial for verdiskaping, både knytt opp mot gardens og områdets historie og særpreg og andre aktivitetar på staden.

Prosjektet er initiert gjennom kompetansemeklarordninga/VRI.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar