onsdag 14. mars 2012

Guide- og kulturformidlingssystem i Telemark

Telemark fylkeskommune har gitt Vest-Telemark Museum (VTM) økonomisk støtte til å planlegge og etablere eit guidekorpssystem i Vest-Telemark.

I samband med dette blir det i desse dagar starta eit FoU-prosjekt, initiert gjennom kompetansemeklinga ved Telemarksforsking, som har som formål å gi VTM meir kunnskap om guidesystem i andre land. Prosjektet skal kartlegge autorisasjonsordningar, kvalitetskrav, utdanningstilbod for guidar og organisering av guidetenester i land som til dømes New Zealand, Canada, Skottland og Sveits. Både system for naturguiding og kulturguiding skal kartleggast.

Det er fleire aktørar og områder i Telemark som også har planar om å etablere guidekorpssystem. FoU-prosjektet skal difor vera nyttig og ha overføringsverdi til andre aktørar og til andre delar av Telemark.

Høgskulen i Telemark skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med Vest-Telemark Museum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar